Desentraliserte tilskotsordningar for tilsette i barnehage og skule

Statsforvaltaren i Vestland fordeler midlar på kompetanseregionane i fylket. Midlane skal bidra til kollektiv kompetanseutvikling lokalt i barnehage/skule.
Publisert: 08.11.2022
Sist endra: 10.11.2022

Eit kriterie for tilskotsordninga er at kompetanseutviklinga skal vere tilknytta eit universitets- og høgskule- miljø og vere basert på fagleg dialog mellom partane.  I tillegg til at det skal vere basert på lokale analysar frå skule/barnehage. Samarbeidet strekkjer seg over 1,5 år og prosjektet skal økonomisk rapporterast på til Statsforvaltar.

Kriterier for tildeling av tilskotsmidlar:

  • Behov for kompetanseutvikling skal være basert på lokale vurderingar av kompetansebehov i den enkelte barnehage og skule, og basert på faglig dialog med universitet eller høgskule.
  • Lokale vurderingar av kompetanseutviklingsbehov skal forankrast ved den enkelte barnehage og skule på en måte som involverer dei tilsette og leiarar.
  • Midlane skal brukast til barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling
  • Tiltaka skal fremje kollektive prosessar for profesjonsutvikling som utviklar barnehagen og skulen.
  • Tiltaka skal gjennomførast i partnerskap mellom barnehage- og skuleeigar og universitet og høyskular.
  • Eigarar og universitet og høgskular skal samarbeide om å vurdere kompetansebehov, planlegge og gjennomføre tiltak i barnehagar og skular.
  • Universitet og høgskular som bidreg i kompetanseutviklinga skal leggje til rette for at erfaringane fra partnerskapet skal styrkje lærerutdanningane.


Desentralisert kompetanseheving for skule, DEKOMP


Søknadsskjema kjem her når dette er klart.


Regional ordning for barnehagebasert kompetanseutvikling, REKOMP


Tematiske satsingsområde for ordninga:

  • Barnehagen som pedagogiske verksemd
  • Kommunikasjon og språk
  • Eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning
  • Barnehagen sitt verdigrunnlag


Søknadsskjema kjem her når dette er klart.


Søknad om midlar frå 30% pott, særskilt for barnehage:

Særskilte kriterier for barnehage.

Samarbeidsforumet si innstilling kan i tillegg til barnehagebasert kompetanseutvikling prioritere ei tildeling der inntil 30 prosent av midlane nyttast til følgjande kompetansetiltak, vurdert ut frå lokale behov:

  • barnehagefagleg grunnkompetanse
  • kompetansehevingsstudie for fagarbeidarar og assistentar
  • fagbrev som barne- og ungdomsarbeider (praksiskandidatordninga)
  • tilretteleggingsmidlar for lokal prioritering

Trykk her for søknadsskjema