HeimNyheiterDet nye kommunestyret er klart

Det nye kommunestyret er klart

Torsdag 19. oktober hadde det nye kommunestyret sitt første møte. Der vart det klart at Sara Sekkingstad (Sp) og Nina Bognøy (Ap) held fram som ordførar og varaordførar.
Publisert: 20.10.2023
Sist endra: 20.10.2023

Trykk her for å sjå eit opptak av det første kommunestyremøtet.

I møtet vedtok mellom anna kommunestyret kven som skal vere ordførar og varaordførar dei neste fire åra.

  • Sara Sekkingstad frå Sp var valt til ordførar
  • Nina Bognøy frå Ap vart valt til varaordførar

I møtet vart det også klart kva politikarar som skal vere med i formannskapet, kontrollutvalet og andre dei andre utvala i kommunen.

Lurar du på kven som er valt inn i det nye kommunestyret?

Trykk her for å gå til lista over alle medlemmar og varamedlemmar. Her finn du også kontaktinformasjon til politikarane.