HeimNyheiterEigedomsskatt i Alver

Eigedomsskatt i Alver

Eigedomsskattelistene for 2024 er lagt ut til offentleg ettersyn her på heimesida, og hjå innbyggjarservice i Knarvik, Frekhaug og Manger.
Publisert: 23.02.2024
Sist endra: 29.02.2024

Kommunestyret har i budsjettvedtak for 2024 vedtatt å skrive ut eigedomsskatt på «næringseigedom, kraftanlegg, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum», etter eigedomsskattelova § 3 d) og etter overgangsreglane til eigedomsskattelova §§ 3 og 4, første ledd, med ein skattesats på 7 promille.

Det er samstundes vedtatt å gjere ein ny allmenn taksering med verknad frå og med skatteåret 2024, jf. eigedomsskattelova § 8 A-3 (2).

På grunnlag av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2024, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, vert ei eigedomsskatteliste lagt ut til offentleg ettersyn i tre veker frå onsdag 29. februar 2024. Lista viser dei skattepliktige eigedommane med opplysningar om matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen og utrekna eigedomsskattebe-løp.

Trykk her for å sjå eigedomsskattelista for Alver kommune.

I tillegg blir lista lagt ut hos innbyggjarservice på Knarvik senter (2. høgda i promenaden) og på kommunehusa på Frekhaug og Manger.

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på det same grunnlaget tidlegare år. Klaga må leverast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var lagt ut eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med eigedomsskattelova § 14.

Send klaga på e-post til post@alver.kommune.no og merk den med «Eigedomsskattekontoret".