HjemNyheiterEndringar i prosess og tidsplan for ny barnehage- og skulebruksplan

Endringar i prosess og tidsplan for ny barnehage- og skulebruksplan

Etter innspel frå fleire på dialogmøta, har kommunedirektør og ordførar landa på at dei vil bruke meir tid til å setje seg inn i innspela, og sende eit bearbeida forslag på ny høyring.
Publisert: 24.05.2024
Sist endra: 06.06.2024

– Når vi får så tydelege tilbakemeldingar frå innbyggjarane våre, må vi sjølvsagt vurdere dette og gjere justeringar, seier Christian Fotland, kommunedirektør i Alver.

Fleire av dei som tok ordet på dialogmøta var uroa over knapp tid frå høyringsfristen 31. mai til kommunedirektøren skulle legge fram si innstilling til levekårsutvalet tidleg i juni.

Blir 2. gongs høyring

I ein ordinær planprosess blir ein plan sendt på 1. gongs høyring. Deretter arbeider administrasjonen med innspela og sender ut til 2. gongs høyring. Etter det kjem innstillinga til kommunedirektøren.

– Vi ønskjer å følgje denne prosessen i arbeidet med å få fram endeleg barnehage- og skulebruksplan til politisk behandling, seier Fotland.

Dette betyr at innbyggjarane får ein ny moglegheit til å kome med innspel.


Slik blir ny tidsplan (oppdatert 4. juni):

  • 6. juni: Konsulentselskapet PwC legg fram ein rapport for formannskapet. Rapporten er ein del av omstillingsarbeidet i kommunen, og inneheld forslag til innsparingstiltak i oppvekstsektoren.
  • 10. juni: Levekår får tilsendt kommunedirektøren sitt forslag til struktur på bakgrunn av rapportane til Norconsult og PwC og høyringsinnspel.
  • 18. juni: Møte i levekårsutvalet der kommunedirektøren presenterer sitt forslag til struktur som mellom anna bygger på  rapportane til Norconsult og PwC og høyringsinnspel. Etter dette skal levekår ta stilling til om dei vil sende kommunedirektøren sitt forslag på høyring.
  • 18. juni til 15. september: Høyringsperiode for kommunedirektøren sitt forslag.
  • 24. september: Kommunedirektøren sender si innstilling til levekårsutvalet.
  • 15. oktober: Levekårsutvalet sender si innstilling til formannskapet.
  • 17. oktober: Formannskapet sender si innstilling til kommunestyret.
  • 24. oktober: Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak.

Les meir om arbeidet med ny barnehage- og skulebruksplan.