HeimNyheiterFeide-leverandørar har fått utdelt fødselsnummer utan avtale

Feide-leverandørar har fått utdelt fødselsnummer utan avtale

Fødselsnummera har ikkje vore ope tilgjengeleg på nett på noko tidspunkt.
Publisert: 02.02.2024
Sist endra: 15.03.2024

Undersøkingar frå Sikt-Kunnskapssektorens Tjenesteleverandør, viser at dei delte fødselsnummera ikkje er blitt lagra i nokon system, eller dei er blitt sletta.

Kva skjedde? 

Ein feil førte til at tenesteleverandørar fekk tilgang til fødselsnummer til brukarar som logga inn med Feide mellom 19. og 25. januar.

På landsbasis vart fødselsnummera til 595 000 personar delt utan avtale i denne perioden. Feilen vart retta 25. januar.

2513 personar i Alver fekk fødselsnummeret sitt delt med ulike tenesteleverandørar. Det var 16 276 innloggingar i 42 ulike tenester via Feide i denne perioden.

Elevar og tilsette i oppvekstsektoren loggar seg inn med Feide i ulike digitale læringsressursar frå mellom anna Gyldendal og Cappelen Damm.

Trykk her for meir informasjon om hendinga frå Feide. 

Alver kommune har meldt hendinga i kommunene sitt avvikssystem, og Sikt har varsla Datatilsynet.

Har du som brukar innlogging via Feide spørsmål, kan du sende ein e-post til personvernombod Lars Erling Aarland: lars.erling.aarland@iktnh.no