HeimNyheiterKikhostevaksine til gravide

Kikhostevaksine til gravide

Frå 1. mai får alle gravide tilbod om gratis kikhostevaksine for å beskytte det ufødte barnet.
Publisert: 06.05.2024
Sist endra: 06.05.2024

Dette gjeld frå svangerskapsveke 24. Vaksina beskyttar mot difteri, stivkrampe og kikhoste.

Gravide som går til oppfølging hjå jordmor vil få denne på neste ordinære kontroll. Gravide som ikkje har oppfølging av jordmor i kommunen kan ta kontakt med helsestasjonen for avtale.

Det er anbefalt ein vaksine ved kvart svangerskap slik at barnet er best mogleg beskytta dei 3 første månadane etter fødsel. Gravide som vaksinerte seg før graviditeten, vil difor få tilbod om ny vaksine.

Trykk her for å lese meir om gravide og kikhostevaksine