HeimNyheiterKommunedirektøren sitt forslag er klart

Kommunedirektøren sitt forslag er klart

Kommunedirektøren vil behalde Sæbø barneskule, og går vekk frå forslaget om ein stor, felles ungdomsskule i Knarvik.
Publisert: 10.06.2024
Sist endra: 10.06.2024

Tysdag 18. juni skal levekårsutvalet ta stilling til om dei vil sende kommunedirektøren sitt forslag til strukturtiltak i barnehage- og skulebruksplanen på høyring.

Kommunedirektøren sendte forslaget sitt til levekårsutvalet måndag 10. juni. Der rår han til at kommunen gjer følgjande endringar i perioden 2024-2026:

  • Avvikle Marihøna barnehage på Frekhaug
  • Flytte Austebygd barnehage til Bø barnehage
  • Samle all aktiviteten til Prestmarka barnehage i Solhall-bygget
  • Flytte Myking skule til Lindås barneskule
  • Flytte Austebygd skule til Hordabø skule
  • Flytte Kløvheim skule til Ostereidet barneskule
  • Flytte Eikanger skule til Leiknes skule

Vil vurdere fleire tiltak

I tillegg til forslaga over, rår kommunedirektøren til at prosjektarbeidet med ny ungdomsskule på Frekhaug skal halde fram, og at kommunen startar ein moglegheitsstudie for å vurdere følgjande tiltak:

  • Oppgradere Sæbø barnehage (oppstart 2028-2029)
  • Flytte Vestbygd skule til Rossland (etter at ny ungdomsskule på Frekhaug står ferdig, oppstart 2028-2029)
  • Vurdere å etablere 1-10-skular på Manger og Ostereidet (begge med oppstart innan 2034)
  • Etablere 1-10-skule på Lindås (oppstart innan 2034)
  • Oppgradere Knarvik ungdomsskule (oppstart innan 2034)

– Har ikkje noko val

– Eg forstår at grepa vi foreslår no kan vere krevjande for mange. Det er likevel viktig for meg å få fram at vi ikkje har noko val. Vi må gjere store endringar for å få ein sunn og berekraftig økonomi, seier kommunedirektøren.

– Vi brukar om lag 300 millionar kroner meir enn Askøy og Bjørnafjorden på å levere tenester til innbyggjarane våre. Ein stor del av dette er knytt til tenestene våre innanfor oppvekst. Vi veit i tillegg at det er ledig kapasitet på mange av skulane våre, at mange av bygga er gamle og treng vedlikehald og at elevtalet vil gå ned i åra som kjem, forklarar kommunedirektøren.

Stort engasjement

Arbeidet med barnehage- og skulebruksplanen engasjerer. Om lag 700 innbyggjarar kom på dei seks dialogmøta kommunen inviterte til i april. I tillegg har kommunen fått 270 høyringsinnspel til Norconsult-rapporten.

– Dette visar at det er mange som bryr seg om barnehage- og skuletilbodet vårt. Det synes eg er heilt fantastisk. Eg har lese alle høyringsinnspela, og er imponert over arbeidet mange har lagt ned for å få fram kva dei meiner, seier kommunedirektør Christian Fotland.

Forslaget han legg fram for levekårsutvalet byggjer mellom anna på innspel frå innbyggjarane i kommunen og dei to rapportane til Norconsult og PwC.

Ny sjanse til å kome med innspel

Arbeidet med barnehage- og skulebruksplanen starta med ei bestilling frå kommunestyret i desember 2022. Sidan den gong har innbyggjarane fått moglegheit til å kome med innspel i fleire fora.

– Når levekårsutvalet legg forslaget mitt ut på høyring, får innbyggjarane ein ny og siste sjanse til å seie kva dei meiner. Eg oppmodar alle som har nye innspel om å bruke denne sjansen, seier kommunedirektøren.

Siste frist for å kome med innspel blir 15. september. Deretter skal kommunedirektøren lese alle dei nye innspela og legge fram si innstilling til levekårsutvalet 15. oktober.

Planen er at kommunestyret skal gjere eit endeleg vedtak på barnehage- og skulebruksplanen 24. oktober. I det same møtet skal politikarane også ta stilling til andre forslag til innsparingstiltak i oppvekstsektoren, som ikkje er knytt til barnehage- og skulestruktur.