HeimNyheiterMå bruke 70 millionar av sparepengane

Må bruke 70 millionar av sparepengane

– Resultatet for 2023 visar at vi har ein jobb å gjere med å få økonomien på rett kjøl, seier kommunedirektør Christian Fotland.
Publisert: 07.03.2024
Sist endra: 07.03.2024

Rekneskapstala for 2023 er klare, og visar eit resultat som er betre enn det kommunen planla for. Det planlagde underskotet på 101 millionar kroner har blitt til eit underskot på 73 millionar.  

Dette betyr at vi må bruke mindre av disposisjonsfondet, som er sparepengane våre. Realiteten er likevel at vi brukar meir pengar enn vi har. Eg er difor glad for at vi er godt i gang med å sjå på korleis vi kan bruke mindre pengar i framtida, fortel kommunedirektøren. 

I sum, gjekk drift av dei ulike tenestene inkludert finanspostane i kommunen som planlagd. 

Det er i hovudsak tre område som gjer at årsresultatet vart noko betre enn venta: 

  • Skatt og rammetilskot – 12 millionar meir  
  • Eigedomsskatt – 6,3 millionar meir  
  • Havbruksfondet – 8,7 millionar meir  
  • Finansinntekter – 11,6 millionar meir