HeimNyheiterMarkerte Frigjerings- og veterandagen

Markerte Frigjerings- og veterandagen

Alver kommune, i samarbeid med Nordhordland forsvarsforeining, markerte Frigjerings- og veterandagen, torsdag 8. mai i Kvamsvåg.
Publisert: 10.05.2024
Sist endra: 10.05.2024

Ordførar la ned krans ved minnebauta over strilar som deltok i Napoleonskrigen (1803-1815). Seim songkor deltok med vakker framføring av «Ja, vil elskar». Martine Fjeld og Rafael Silva frå Manger skulemusikklag spelte fanfare.

På Ungdomshuset til U.L. Sambygningen heldt markeringa fram. 80 gjestar hadde tatt vegen dit. Dei fekk høyre ei makelaus framføring av Nordahl Grieg sin «Til ungdommen».

Leiar av Nordhordland forsvarforeining Charles Sommerseth Lilleskare, leia forsamlinga gjennom eit program beståande av musikalske tonar frå Astrid Aarhus Byrknes og Leif Hosøy Sleire.

Per Byrknes intervjua Yara, ein syrisk flyktning som kom til Norge for ein del år sida. Ho fortalde om opplevingane frå eit land i krig.

Kommandørkaptein, forskar, forfattar, historikar og redaktør Bjørn Terjesen, heldt foredrag om forsvaret og viktige utviklingstrekk i Europa i dag.

Frigjerings- og veterandagen har vore eit samarbeid mellom Alver kommune og Nordhordland forsvarsforeining i meir enn 10 år. Det er ein viktig dag å markere og reflektere over. Vi takkar for samarbeidet og ser fram mot 2025.

 

Charles Sommerseth Lilleskare (leder av Nordhordland forsvarsforening) og Bjørn Terjesen (kommandørkaptein)Per Byrknes intervjua Yara, ein syrisk flyktning som kom til Norge for ein del år sida. Ho fortalde om opplevingane frå eit land i krig.