HjemNyheiterPrisdryss til dyktige Alver-ambassadørar

Prisdryss til dyktige Alver-ambassadørar

Haakon Aase har fått Alver kommune sin aller første kulturpris. Trekløveret Stanley Hauge, Bjørn Jakob Bjørsvik og Geir Andre Bjørsvik har fått kommunen sin frivillegpris.
Publisert: 30.06.2021
Sist endra: 08.07.2021

Tysdag vart det også overrekt ei rekkje kommunale kultur- og idrettsstipend.

Under overrekkinga av kulturprisen for 2020 framheva ordførar Sara Sekkingstad at Haakon Aase har markert seg på fleire område. Han er ein svært allsidig musikar. Han spelar trekkspel innanfor ulike sjangrar, han syng i kor – sidan 1997 i Måltrastena og seinare år også i koret Albatross. Prisvinnaren spelte i korps i sin ungdom, og var med og etablerte skulekorps på Grasdal, og seinare Meland jazzkafe. Han kan også sjå tilbake på eit samarbeid med Clive Scott og Johannes Kleppevik, og han har spelt inn tangoar for Arne Bjørndal-samlingane ved UIB og han har vore med i ei folkemusikkgruppe.

Haakon Aase har gjennom mange år arbeidd for å presentera materialet etter kulturarbeidaren Elias Mjåtveit frå Mjåtveit på Holsnøy. Dei siste åra har han som leiar i Meland mållag vore primus motor for å ta vare på huset der Elias Mjåtveit budde.
I samarbeid med Norsk Håndverksinstitutt var Haakon Aase prosjektleiar for «Tørrmuring i Nordhordland 2003-2007», eit dokumentasjons- og opplæringsprosjekt i eit område med rike tradisjonar innan tørrmuring.

Håkon Aase og ordførar Sara Hamre Sekkingstad

Frivilligpris til eldsjeler bak Vinterkarusellen

Vinterkarusellen på Eikanger såg dagens lys for 42 år sidan. Eldsjelene bak karusellen, Stanley Hauge, Bjørn Jakob Bjørsvik – og etter kvart også sonen Geir Andre Bjørsvik fekk overrekt Alver sin Frivilligpris for 2020. Det har vore arrangert 329 karuselløp sidan starten i 1979, med totalt over 20 000 deltakarar.
- Det er eit imponerande arbeid som vert lagt ned for at bygdefolk og tilreisande skal få delta i Vinterkarusellen, sa ordførar Sara Sekkingstad.

Gunnar Hauge og Bjørn Jakob Bjørsvik saman med ordførar Sara Hamre Sekkingstad

Idrettsstipend til Tommy og Tore Andre

Tommy Urhaug er klar for Paralympics i Tokyo, og med på vegen får han Alver kommune sitt idrettsstipend. Tommy har i over 20 år vore ein av dei beste bordtennisspelarane i verda for funksjonshemma. Han vann sin første store tittel i 1999 og seinare har det vorte mange triumfar både i EM og VM – med OL-sigeren i London 2012 som det aller største. For å oppnå sine mål, driv Tommy på for fullt og trenar 30-35 timer i veka og har ca 150 reisedøgn i året.

Sidan han var 11 år gammal har Tore Andre Aase Vabø «sykla» med ein draum om ein dag å bli profesjonell syklist på øvste nivå og leve av det som er lidenskapen hans. No er han landevegssyklist på det norske kontinentallaget Team Coop.
- Hardt arbeid, struktur, dedikasjon og ikkje minst tolmod, «å skunda seg langsomt», har vore ein av suksessfaktorane for den utviklinga han har hatt, sa Alver-ordføraren då Tore Andre fekk overrekt idrettsstipendet.

Tore Andre Aase Vabø og Tommy Urhaug

Desse får kulturstipend

Alver kommune har også delt ut tre kulturstipend for 2020. Det eine går til Arian Pedersen, som er eit ungt musikktalent og som ønskjer å satsa som komponist. Tidlegare lærarar skildrar Arian som ein elev med ein «sjeldan begavelse». Han ønskjer å fokusere på eigenutvikling og auka kompetanse, som kjem det lokale kulturlivet til gode gjennom samarbeid med korps i kommunen. Stipendet er på 30 000 kroner.

Eit like stort stipend går også til fotograf Morten Sæle, for prosjektet «Forkynnaren». Juryen uttalar at dette er eit godt gjennomarbeidd prosjekt om både stimulerer og sikrar overføring av lokal kunnskap og kultur, og immateriell kulturarv.

- Sæle vil sørge for kunnskapsoverføring mellom han, som profesjonell aktør, og det lokale kulturlivet gjennom samarbeid med Nordhordland kunstlag, påpeika Alver-ordføraren.

Morten Sæle

Ulrik Kierulf Haugland får eit kulturstipend på 10 000 kroner knytt til soloprosjektet «Kald Flamme» med albumet «Året».

- «Året» er interessant skildra og vil følgje lyttaren gjennom heile året. Han driv si kunstnarlege verksemd utanfor Alver, men juryen uttalar at Haugland likevel bidreg med å ta «strilamålet» ut i verda gjennom tekstane sine på dialekt.