HeimNyheiterSøk om tilskot til kulturbygg

Søk om tilskot til kulturbygg

Tilskot til kulturbygg i Vestland er ei ordning som er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. 

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune, samt andre lag som fyller krava i retningslinene for ordninga, kan søkje.

Har du spørsmål eller treng meir informasjon? Kontakt kulturavdelinga i kommunen på kultur@alver.kommune.no


Sist oppdatert: 29.01.2024
Publisert: 29.01.2024