HjemNyheiterSorggruppe i Alver

Sorggruppe i Alver

Kyrkja i Alver og Alver kommune tilbyr sorggruppe for menneske som opplever sorg.
Publisert: 19.11.2020
Sist endra: 19.11.2020

Kyrkja i Alver og Alver kommune tilbyr sorggruppe for menneske som opplever sorg.

Ei tid etter tapet vil mange oppleve at det er godt å treffe andre som har vore gjennom noko av det same.

Kyrkja i Alver og Kreftkoordinator i Alver kommune ønskjer å vere til hjelp med å tilby sorggruppe for menneske som opplever sorg. I gruppa kan ein setje ord på kjensler, tankar og opplevingar kring sorg og tap, og saman med andre i liknande situasjon få hjelp til å finne styrke til å gå vidare med tapet.

Kva er ei sorggruppe?

Anne-Britt Hauge, som er kreft-koordinator i Alver er med, men det tyder ikkje at tilbodet er berre for etterlatne etter kreft.

Sorggruppa skal vere eit trygt fellesskap.

  • Ei sorggruppe er eit tilbod om støtte til etterlatte etter dødsfall
  • Gruppa har 4-8 deltakarar, som møtes til faste tidspunkt
  • Kvar samling er 1,5 time
  • Gruppa samlast mellom 8 og 10 gonger, ut frå talet på deltakarar
  • Gruppa er for alle– uavhengig av livssyn
  • Ein vel sjølv kor mykje ein vil dele
  • Gruppa baserer seg på gjensidig teieplikt
  • Gruppa er gratis

Gruppa vert leia av to eller tre av kontaktpersonane. Det vert faste leiarar for gruppa.

Trykk her for brosjyre og kontaktinformasjon

Trykk her for informasjonsplakat