HeimNyheiterTusen takk for innspel og engasjement!

Tusen takk for innspel og engasjement!

Nær 700 innbyggjarar stilte opp på dialogmøte om ny barnehage- og skulebruksplan.
Publisert: 08.05.2024
Sist endra: 08.05.2024

– Det er fantastisk å sjå engasjementet og høyre innspela frå elevar, foreldre, besteforeldre og andre som deltok på dialogmøta vi arrangerte i dei seks ungdomsskulekrinsane våre i slutten av april, seier Christian Fotland, kommunedirektør i Alver. 

Saman med ordførar, kommunalsjef for oppvekst, tenesteleiarane for skule og barnehage og Norconsult, som har levert planen på oppdrag frå politikarane, har kommunedirektøren møtt innbyggjarar som har mange gode innspel og tankar kring korleis kommunen skal planlegge og utforme barnehage- og skulebygg og framtidig struktur.

– Vi noterte oss innspel undervegs på dialogmøta, men det er svært viktig at alle innspel også blir sendt inn skriftleg innan 31. mai, slik at dei følgjer saksgangen, poengterer Fotland.

Oppdatert og justert etter innspel frå innbyggjarar

På eitt av dialogmøta vart det påpeikt ein feil knytt til kapitalkostnad på ungdomsskulestruktur. Norconsult har sett på dette og har oppdatert planen med korrigerte tal for ungdomsskulestruktur, samt korrigerte tabellar i økonomikapittelet for ungdomsskule. 

– Oppdagar du noko feil, eller du stussar over noko i barnehage- og skulebruksplanen, send inn eit høyringsinnspel på det, oppfordrar kommunedirektøren.

På fleire av dialogmøta kom det innspel om at tida frå høyringsfristen (31. mai) - til kommunedirektøren si tilråding skal leggast fram for levekårsutvalet - er for knapp.

– Eg har vurdert dette, og i samråd med leiar for utvalet skal eg legge fram mi tilråding 18. juni, og ikkje 10. juni slik opprinneleg plan var, seier Fotland.

Det var svært godt frammøte på dialogmøta. På Lindås barneskule var amfiet fullt og mange tok ordet.