HeimNyheiterÈi bekymringsmelding til barnevernet har ikkje kome fram

Èi bekymringsmelding til barnevernet har ikkje kome fram

IKT Nordhordland har gått gjennom alle loggar i varslingssystemet til barnevernet tilbake til februar 2020.
Publisert: 05.06.2023
Sist endra: 06.06.2023

– Det er funne ei bekymringsmelding som er registrert, men som ikkje har kome fram til barnevernstenesta, seier tenesteleiar for barnevernet i Alver, Sissel Mary Frotjold.

Kommunane Alver, Austrheim og Fedje har felles barnevernsteneste.

Bekymringsmeldinga som ikkje har kome fram vart registrert:

  • 17. mars 2023 klokka 10.00

Kommunen undersøker saka vidare og er i dialog med systemleverandør.

Dersom du har sendt ei bekymringsmelding til barnevernet i Alver
17. mars 2023, og er uroa for om den er kome fram, ta kontakt med barnevernet på:

Teknisk feil

Bergen kommune avdekka at enkelte bekymringsmeldingar som er meldt til barnevernet ikkje har kome fram grunna teknisk feil.

Feilen som er avdekka er knytt til samhandlinga mellom den nasjonale meldingsportalen for innsending av bekymringsmeldingar til barnevernet og Visma Familia, som er fagsystemet som barnevernstenesta i Alver brukar.

Feilen er retta i fagsystemet Visma Familia og systemet fungerer no som det skal.