HeimNyheiterVelkommen til dialogmøte om ny barnehage- og skulebruksplan

Velkommen til dialogmøte om ny barnehage- og skulebruksplan

16. april sendte Levekårsutvalet i Alver forslag til barnehage- og skulebruksplan ut på høyring.
Publisert: 10.04.2024
Sist endra: 17.04.2024

Fristen for å kome med innspel er 31. mai.

I samband med dette inviterer vi alle innbyggjarar i kommunen til dialogmøte på fleire stader i kommunen.

Tid og stad

22. april

  • Kl. 17.30 – 19.00: Rossland skule (gymsalen)
  • Kl. 20.00 – 21.30: Kommunehuset på Frekhaug

29. april

  • Kl.17.30 – 19.00: Ostereidet ungdomsskule (musikkrom)
  • Kl. 20.00 – 21.30: Helsehuset i Knarvik (møterom Nordhordland i 6. etg)

30. april

  • Kl. 17.30 – 19.00: Radøyhallen
  • Kl. 20.00 – 21.30: Lindås barneskule (amfi)

Program

  • Velkommen
  • Presentasjon av planen ved Norconsult
  • Dialog: innspel og spørsmål frå dei frammøtte

Kva er ein barnehage- og skulebruksplan?

Planen er kommunen sitt viktigaste verktøy for å planlegge og utforme barnehage- og skulebygg og framtidig struktur.

Barnehage- og skuleanlegga skal vere gode læringsmiljø for barn og elevar og fungere tilfredsstillande som arbeidsplass for tilsette, samt vere ein arena for frivillige organisasjonar og møteplassar for nærmiljøet

Den endelege planen skal bidra til ei oppdatert oversikt over dei kommunale barnehage- og skuleanlegga, ei utgreiing av kva endringar kommunen bør gjere og ei vurdering av kva konsekvensar desse endringane kan gi.

Trykk her for meir informasjon om barnehage- og skulebruksplanen.

Trykk her for å sjå høyringssaka.