Helsestasjon for ungdom
Opningstider:
Knarvik, 3.etasje i helsehuset: Onsdagar kl. 15.30 - kl 18.30
Frekhaug: Tysdagar kl. 14.30 - 16.30
Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod for deg mellom 13-23 år. På helsestasjonen for ungdom kan du få hjelp og råd frå helsesjukepleiar og lege (på Frekhaug møter ein helsesjukepleiar, og i Knarvik møter ein helsesjukepleiar og lege). Dei som jobbar der har teieplikt. Du treng ikkje bestille time eller ha avtale for å snakke med helsesjukepleiar eller anna helsepersonell på HFU. Det er berre å møte opp, men du må ikkje ha forkjølelsessymptom. Du treng ikkje tillatelse frå foreldra dine for å kontakte HFU.
Meir informasjon om HFU finn du på Helsestasjon for ungdom (HFU) - helsenorge.no
Kva kan du få hjelp til?
- Rettleiing og hjelp til alt som handlar om prevensjon
- Spørsmål i samband med seksualitet
- Snakke om ting som er vanskeleg, anten det er fysisk eller psykisk helse
- Eteforstyrringar
- Problem i forhold til rus
- Rettleiing i samband med graviditet
- Vanskar heime, på skulen, eller med vener
- Opplevingar kring vald, overgrep og mobbing
- Du kan ta klamydiatest og graviditetstest her
- Ved behov for anna hjelp kan vi henvise deg vidare til andre som kan hjelpe deg
Kvar heldt vi til?
- Frekhaug: Havnevegen 41, 5918 Frekhaug. (Kommunehuset på Frekhaug, inngang mot Rema 1000).
- Knarvik: Helsehuset, Kvassnesvegen 40, 3. etasje.
Sist oppdatert:
07.09.2021
Publisert:
22.11.2019