Kommunepsykolog

Psykologtenesta i Alver er eit lågterskeltilbod til personar med psykiske plager og lidingar, livskriser og andre utfordringar som verkar inn på den psykisk helsa.

Vi krev ikkje tilvising frå lege, men i mange tilfelle er det nyttig med bakgrunnsinformasjon frå lege og/eller andre kommunale tenester for å kunne gje best mogleg hjelp.

Vi tilbyr helsehjelp for milde til moderate psykiske lidingar noko som inneber nødvendig kartlegging samt behandling og rådgjeving i ein kortare periode. Fokus er på å avhjelpe psykisk vanskar og å forebygge utvikling av meir alvorleg problematikk. Vi har eit spesielt fokus på barn og unge og deira oppvekstvilkår.

Grunna stor pågang må vi gjere prioritere kven vi kan hjelpe, men vårt mål er å vere ein ressurs for innbyggarane i Alver kommune. Tenesta omhandlar både individuell oppfølging og gruppetilbod og vi samarbeider både med helsestasjon og avdeling rus og psykisk helse.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

John Petter Wadseth, Fagansvarleg kommunepsykolog
Telefon: 94 51 18 54


Sist oppdatert: 05.07.2021
Publisert: 19.05.2020