Influensa
I haust kan du få influensavaksine i Nordhordlandshallen desse dagane:
- Tysdag 22. oktober klokka 09.00 - 19.30
- Onsdag 23. oktober klokka 09.00 - 19.30
- Onsdag 27. november klokka 09.00 - 19.00
For å unngå lang ventetid oppfordrar vi til at de møter til vaksinering slik:
- 75 år og eldre: møt opp mellom klokka 09.00 – 12.00
- 65 – 75 år: møt opp mellom klokka 13.00 – 16.00
- Under 65 år: møt opp mellom klokka 16.00 – 19.30 (mellom klokka 16.00 – 19.00 27. november)
Dersom du ønsker det, kan du få influensavaksine og koronavaksine samtidig.
Vaksinedagane i Nordhordlandshallen er kun for innbyggjarar i Alver.
Bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgnsbemanning får tilbod om vaksinen der dei bur.
Kva kostar det?
Tar du influensavaksinen på massevaksineringa i Nordhordlandshallen kostar den kr 200 for alle over 18 år. Er du under 18 år, er den gratis.
Kven bør ta influensavaksine?
FHI anbefaler desse gruppene å ta influensavaksine:
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
- Barn og vaksne med:
- Diabetes type 1 og diabetes type 2
- Kronisk lungesjukdom, inkludert astma
- Hjarte- og karsjukdom
- Leversvikt eller nyresvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
- Nedsett immunforsvar
- Svært alvorleg fedme (kroppsmasseindeks over 40)
- Annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjere deg ekstra utsett ved influensa
FHI anbefaler i tillegg vaksine til desse gruppene:
- Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
- Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte pasientar
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
- Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.
Trykk her for å lese meir om influensavaksinen på Folkehelseinstituttet sine sider.
Barn
Barn under skulealder kan få vaksinen på helsestasjonen. Ta kontakt og bestill time:
- Send melding til helsestasjonen via HelseNorge
- Send e-post til: helsestasjonen@alver.kommune.no, eller
- Ring oss på telefon 56 37 50 74 mellom klokka 08.15 - 11.00 og 13.00 - 14.00 på kvardagar
Vaksinen er gratis for barn.
Alle barn under 16 år må ha samtykke frå begge føresette dersom begge har foreldreansvar. Trykk her for samtykkeskjema.
Gravide
Gravide kan få influensavaksine hjå jordmor eller fastlege på allereie avtalte timar.
Vaksinering på apotek
Apoteka tilbyr influensavaksine til alle frå 12 år og oppover, både til deg som er i ei risikogruppe, og til deg som ikkje er det. Vaksinen på apotek er ikkje gratis.
Vaksinering hjå fastlegen din
Dersom vaksinedagane i Nordhordlandshallen ikkje passar for deg, kan du få influensavaksine hjå fastlegen din, viss du alt har ein time.
Koronavaksine
Ønskjer du oppfriskingsdose med koronavaksinen?
Trykk her for meir informasjon
Har du spørsmål om vaksinering?
Kontakt oss på telefon 96 90 19 67. Vi svarar på telefon mellom klokka 10.00 og 12.00 på kvardagar.