Borgarleg vigsel
Vigsel og koronaberedskap
Vi opnar for vigslar. Ta kontakt med oss på vanleg måte og høyr om vi kan gjennomføre vigsla di.
Vigslar på rådhuset må følgje smittevernreglane for aktivitet på rådhuset. Ønskjer de vigsel andre plassar, må de følgje dei nasjonale retningslinjene for arrangement og sjølv stå ansvarleg for smittevernet.
Her du kan du lese meir om retningslinjer for samlingar og arrangement.
Før du tar kontakt med kommunen
Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller krava til ekteskap.
Trykk her for å gå til Skatteetaten sin rettleiar for vegen til ekteskapet.
På heimesida til Skatteetaten kan de fylle ut dei skjema som skal til for at Skatteetaten kan sende ein såkalla «prøvingsattest» i retur til dykk.
Det er viktig å merke seg at:
- Prøvingsattesten er gyldig i fire månader og må vere gyldig den dagen de skal gifte dykk.
- Dersom de har reservert dykk mot digital post, vert prøvingsattesten sendt i posten.
- De må sende den originale prøvingsattesten til oss, ikkje ein kopi.
- Prøvingsattesten sender de til:
- Alver kommune
Postboks 4
5906 Frekhaug
- Merk brevet med «vigsel». De kan også levere attesten på eit av våre kontor for innbyggjarservice som ligg i senteret i Knarvik (2. høgda i promenaden), på kommunehuset på Frekhaug og på kommunehuset på Manger.
Slik bestiller du tid
Fyll ut skjema under og legg ved gyldig prøvingsattest.
- Trykk her for å bestille vigsel
- Set opp alternative datoar, i tilfelle vi ikkje klarar å møte førstevalet.
- Vi sender deg et samtykkebrev når tida for vigsel er bestilt.
Kvar og når skjer seremonien?
Kommunestyret har godkjend rådhuset i Knarvik og Frekhaug og Tingstova på Manger som vigselsstader i Alver kommune. Alver kommune vil så langt som råd prøve å etterkome brudeparet sine ønskje om vigselsstad.
Vigsel vil i hovudsak føregå på fredagar mellom klokka 12.00 og 15.00.
Kva kostar det?
Det kostar ingenting å gifte seg på rådhuset i Knarvik, Frekhaug eller tingstova på Manger. Om val av anna vigselsstad fører med seg ekstraordinære kostnader/planlegging, må brudeparet sjølv stå for organisering og meirkostnader.
Kven står for vigselen?
Vigslarar vert oppnemnde av kommunestyret i Alver. Dei som har fått vigselsmynde i Alver kommune er:
- Ordførar Sara Hamre Sekkingstad
- Varaordførar Nina Bognøy
- Jostein Borlaug (frå kommunestyret)
- Jarle Landås (kommuneadvokat)
- Eirik Bouwer Utne (kultursjef)