HeimKultur og aktivitetDen kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle elevar, både i grunnskule og vidaregåande skule, får møte, gjere seg kjent med og utvikle forståing for profesjonell kunst og kultur av høg kvalitet. Gjennom ordninga skal elevane få tilbod om ulike kunst- og kulturuttrykk som scenekunst, visuell kunst, musikk, film, litteratur og kulturarv. 

Ordninga er todelt:

  • Kommunal del der kommunane bestemmer innhaldet/tilboda til skulane.
  • Turnear som skulane får tilbod om frå Vestland fylkeskommune

Utøvarar kan melda inn tilbod om deltaking i lokal DKS via søknadsskjema. 

Trykk her for søknadsskjema.

Alle søkjarar må fylle ut søknadsskjema og legge ved prosjektskildring, CV og portefølje. Søknaden sendast til sigrid.fivelstad@alver.kommune.no

Plan for den kulturelle skulesekken

Trykk her for å sjå Alver kommune sin Plan for den kulturelle skulesekken. 

Kontakt

Det er avdelinga Kulturutvikling, idrett og frivilligheit som koordinerer arbeidet med Den kulturelle skulesekken i Alver kommune.

 


Sist oppdatert: 09.03.2021
Publisert: 19.05.2020