HeimKultur og aktivitetFriluftslivPlan for friluftlivets ferdselsårer

Plan for friluftlivets ferdselsårer

Alver kommune er i gang med å utarbeida ein plan for friluftslivets ferdselsårer.  Planen skal gje ei samla oversikt over ferdselsårer for friluftslivet (dvs turvegar, -løyper, -stiar og padleløyper) kring regionsenteret, dei seks lokal- og nærsentra og skular i Alver kommune, og i tillegg ferdselsårer med særleg høg bruksfrekvens og stort tilretteleggingsbehov utanom desse områda.

Kommunen vil i løpet av planprosessen invitera til medverknad. Grunneigarar og andre som vert særskilt råka av forslag til nye tiltak vil verta kontakta spesielt. Utkast til temaplan for friluftslivets ferdselsårer i Alver kommune vert lagt ut på høyring i løpet av 2021.

Planarbeidet følgjer rettleiaren Plan for friluftslivets ferdselsårer.


Sist oppdatert: 03.09.2021
Publisert: 09.06.2021