Ung Alver

Om avdeling ungdom, fritid og medverknad

Avdelinga består av avdelingsleiar, ungdomskoordinatorar og fem ungdomsklubbar. Det vert fokus på å arbeide saman med ungdom, der medverking står sentralt. Avdelinga skal arbeide med drifta og utviklinga av ungdomsklubbar, UKM (ung kultur møtast), MOT og Alver ungdomsråd. Avdelinga samarbeider tett med andre som arbeider for og med ungdom, og mot frivillig sektor.

I Alver er det fem ungdomsklubbar. Lindås ungdomsklubb i Lindåshallen, Kraften i Alversund, Radøy ungdomsklubb på Manger, Entry på Eknes og Frekhaug Ungdomsklubb på Frekhaug. Ungdomsklubbane har som mål å fange opp uorganisert ungdom og gje dei eit tilbod på fritida. Klubbane har ulike opningsdagar og opningstider og er for ungdom i alderen 8. klasse - 3.VGS. Nokre av klubbane har også juniorklubb og/eller arrangement for born.

Avdelinga arrangerer kurs og store arrangement for ungdom. Avdelinga samarbeider også med Austrheim ungdomsklubb med å arrangere temafester og utfluktar i skuleferiar for ungdom under namnet LARM. Avdelinga har eit stort fokus på å arrangere ulike tilbod både for born og ungdom i skuleferiar på sentraliserte og desentraliserte plassar. Avdelinga er aktiv på sosiale medium.

E-post: UngAlver@alver.kommune.no 

Tilsette på avdelinga

Administrasjonen:

Ungdomsklubbar:

Lindås ungdomsklubb:

  • Klubbarbeidar: Sigrid Indreeide Fossen 
  • Klubbarbeidar: Lena H. Hindenes
  • Klubbleiar: Hilde Jordal

Entry:

  • Klubbleiar: Christine Blekenberg Vabø
  • Klubbarbeidar: Kiriya Moenkrathok
  • Klubbarbeidar: Sigrid Indreeide Fossen

Radøy ungdomsklubb:

  • Klubbleiar: Thomas Rikstad
  • Klubbarbeidar: Mona Bakke Sætre

Frekhaug ungdomsklubb:

  • Klubbleiar: Thomas Rikstad
  • Klubbarbeidar: Ingunn Birkeland Fyllingen

Kraften ungdomsklubb:

  • Klubbleiar: Ingunn Birkeland Fyllingen
  • Klubbarbeidar: Meri Monica Heggernes
  • Klubbarbeidar: Hans Olav Evensen
Lindås ungdomsklubb

Lindås ungdomsklubb er ein nyoppretta klubb i Lindåshallen. Klubben har eit eige lokale i 2. etasje. Ungdomsklubben er eit gratis fritidstilbod for ungdom. Aktivitetstilbodet er rusfritt. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad av ungdom. Lindås ungdomsklubb har eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette om å fremje ungdommens behov og interesse. Aldersgruppe er 8. klasse til 3.VGS. Ungdomsklubben har eit eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette, om å fremje ungdommen sine behov og interesser.

Lindås ungdomsklubb vil ha klubbkveld kvar tysdag kl. 17.00 - 21.00. Det vert open hall til ulike tidspunkt gjennom klubbkveldane. 

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • sal av mat, drikke og snop. Klubben tar vipps, kort og kontant
  • gaming
  • gjere lekser
  • brettspel
  • aktivitetar i hallen 

Følg klubben på Facebook, Instagram og Snapchat. Du kan og følgje ung i Alver på Facebook og på Instagram for oppdateringar om ungdomstilbod i kommunen. 

Tilsette på klubben

  • Klubbarbeidar: Sigrid Indreeide Fossen
  • Klubbarbeidar: Lena H. Hindenes
  • Klubbleiar: Hilde Jordal

Har du andre spørsmål knytt til klubbarbeid kontakt oss på e-post: UngAlver@alver.kommune.no 

Entry

Entry ungdomsklubb er på lokalisert på Eknes. Klubben er open kvar onsdag frå klokka 17.30 til 21.00. Aldersgruppa er 8. klasse til 3.VGS. Ungdomsklubben er eit gratis fritidstilbod for ungdom og aktivitetstilbodet er rusfritt. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad av ungdom. Klubben har eit stort lokale, som gir rom for eit breitt utval av ulike aktivitetar. Ungdomsklubben har eit eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette, om å fremje ungdommen sine behov og interesser.

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • sal av mat, drikke og snop. Klubben tar vipps, kort og kontant
  • diskotek/dans
  • airhockey
  • bordtennis
  • balansebrett
  • brettspel
  • ulike arrangement
  • gjere lekser

Klubben vil ha aktivitetar i skuleferiar. Klubben arrangerer også juniorklubb eit par gonger i halvåret. Tidspunkt for juniorklubb og arrangement for dei yngste vert publisert på facebook sida "Ung I Alver" eller på Entry si side på Facebook og Instagram.

Adresse til lokalet er: Eidavegen 80, 5913 Eikangervåg

Tilsette på klubben

  • Klubbleiar: Christine Blekenberg Vabø
  • Klubbarbeidar: Kiriya Moenkrathok
  • Klubbarbeidar: Sigrid Indreeide Fossen

Har du andre spørsmål knytt til klubbarbeid, kontakt oss på e-post: UngAlver@alver.kommune.no 

Radøy ungdomsklubb

Radøy ungdomsklubb er eit tilbod til ungdom frå 8. klasse - 3.VGS. Det er fast klubbkveld kvar torsdag mellom klokka 14.20 og 20.00. Klubben er i ungdommens hus, på tribuna i Radøyhallen på Manger. Klubben har open hall frå klokka14.20-20.00 på klubbkveldane. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad. Ungdomsklubben er eit gratis fritidstilbod for ungdom og aktivitetstilbodet er rusfritt. Ungdomsklubben har eit eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette, om å fremje ungdommen sine behov og interesser.

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • sal av mat, drikke og snop. Klubben tar vipps, kort og kontant
  • diskotek/dans
  • badminton
  • hoppemadrass
  • ballspel
  • brettspel
  • ulike turneringar
  • gjere lekser

Klubben driv mellom anna med større arrangement og aktivitetar som open hall i skuleferiar for born. Klubben arrangerer også ulike kurs for ungdom, og store arrangement som volleyballturneringar. Om sommaren og våren er det uteklubbar ved Nesvatnet (bak Radøyhallen), der klubben har utstyr som til dømes supbrett, kajakk, kano, vanntrampoline, hamsterhjul, strandvolleyball, fotball.
Radøy ungdomsklubb har eit eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette om å fremje ungdommens behov og interesse.

Adressa til klubben: Idrettsvegen 13, 5936 Manger

Trykk her for å følgje Radøy Ungdomsklubb på Facebook

Du finn oss og på Instagram og Snapchat. Du kan også følgje ung i Alver på facebook og instagram for oppdateringar om ungdomstilbodet i kommunen.

Tilsette på klubben 

  • Klubbleiar: Thomas Rikstad
  • Klubbarbeidar: Mona Bakke Sætre

Har du spørsmål knytt til klubbarbeid kontakt oss på e-post: UngAlver@alver.kommune.no 

Frekhaug ungdomsklubb

Frekhaug ungdomsklubb er ein ungdomsklubb for ungdom i målgruppa 8. klasse til 3. VGS. Klubben held til i andre etasje på Meieriet ved Frekhaug kai. Klubben har aktivitet kvar onsdag mellom klokka 14.30 og 20.00. Ungdomsklubben er eit gratis fritidstilbod for ungdom. Aktivitetstilbodet er rusfritt. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad. Frekhaug ungdomsklubb har eit eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette, om å fremje ungdommen sine behov og interesser.

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • gaming
  • sjå film
  • høyre på musikk
  • spele biljard
  • ulike turneringar
  • gjere lekser             

Klubben arrangerer også aktivitetar og utfluktar for ungdom i skuleferiar. Vi tek Vipps i tillegg til kort og kontant.

Trykk her for å følgje Frekhaug ungdomsklubb på Facebook

Vi er og på Instagram og Snapchat. Du kan også følgje ung i Alver på Facebook og Instagram for oppdateringar om ungdomstilbodet i kommunen.

Tilsette på klubben

  • Klubbleiar: Thomas Rikstad
  • Klubbarbeidar: Ingunn Birkeland Fyllingen

Har du andre spørsmål knytt til klubbarbeid kontakt oss på e-post: UngAlver@alver.kommune.no 

Kraften ungdomsklubb

Kraften ungdomsklubb er eit gratis aktivitetstilbod for barn og ungdom. Aktivitetstilbodet er rusfritt. Ungdomsklubbane i Alver har fokus på inkludering, nulltoleranse for mobbing og medverknad av ungdom. Målgruppa er uorganisert ungdom i alderen frå 8. klasse til 3. VGS. Klubben har aktivitet for born på juniorklubb og aktivitet i skuleferiar. Ungdomsklubben har eit eige klubbstyre som representerer ungdommane i klubben og som samarbeider med dei tilsette, om å fremje ungdommen sine behov og interesser.

Aktivitetar på klubben

  • ein stad å møte vener og få nye vener
  • Fotballspel
  • Biljard
  • airhockey, bordtennis
  • gaming
  • brettspel
  • ballspel og hall-aktivitet    
  • ulike aktivitetar som til dømes quiz
  • sal av mat, drikke og snop. Klubben tar vipps, kontant og kort
  • hobby/forming  

Ungdomsklubben er open torsdagar mellom klokka 17.00 og 21.00.
Juniorklubben har klubb for 4. - 7. klasse kvar tysdag mellom klokka 17.00 og 20.00.

Adresse: Alverflaten 270, 5911 Alversund

Trykk her for å følgje Kraften ungdomsklubb på facebook

Du kan også følgje ung i Alver på facebook og instagram for oppdateringar om ungdomstilbodet i kommunen.

Tilsette på klubben

  • Klubbleiar: Ingunn Birkeland Fyllingen
  • Klubbarbeidar: Hans Olav Evensen
  • Klubbarbeidar: Meri Monica Heggernes

Har du andre spørsmål knytt til klubbarbeid kontakt oss på e-post:UngAlver@alver.kommune.no 

UKM- Ung kultur møtast

Avdelinga arrangerer UKM- ung kultur møtast ein gang i året. Arrangementet er eit samarbeid mellom Alver, Austrheim, Fedje og Masfjorden.

UKM Nordhordland vert arrangert på Sæbø skule laurdag 12. mars. Ungdom i alderen 10-20 år kan melde seg på arrangementet før måndag 21. februar på ukm.no.

Det er gratis å delta, og ungdom kan delta med det meste. Ein kan til dømes delta med song, band, litteratur, kunst, konferansier, dans, triksing, stand up og mykje meir.

Ei ungdomsgruppe med unge arrangørar er med på å planlegge og gjennomføre mønstringa. På denne måten er UKM av og for ungdom.

Det er gratis og sjå på, og publikum er velkommen. Programmet vert publisert 1-2 veker før mønstringa på UKM.no og på sosiale media.

Trykk her for å følgje UKM Nordhordland på Facebook 

Ungjobb

Kva er ung jobb?

Ung jobb er eit sommartilbod for ungdom mellom 15-20 år som er busett i Alver kommune og som har lyst å arbeide, og eit tilbod til personar som treng hjelp til ulike oppdrag.


Avdelinga ungdom, fritid og medverknad tar i mot arbeidsoppdraga og fordeler dei til ungdommen. Oppdraga må meldast inn minst 3 arbeidsdagar før det skal gjennomførast. 

Døme på oppdrag kan vere:

  • Plenslått, slåttarbeid, hagearbeid
  • Hjelp i heimen (t.d. vasking, støvsuging, vask av vindauge)
  • Barnepass
  • Lagerarbeid og liknande i butikk/bedrifter.
  • Pass av dyr

Det er ikkje kommunen, men oppdragsgjevar, som er arbeidsgjevar.

Vert ungdom tilsett gjennom kommunen, er det
oppdragsgjevar/avdeling som skal ha oppdraget utført som er
arbeidsgjevar. Oppdragsgjevar er ansvarleg for ungdomen på lik linje med andre tilsette. Dei er ansvarlege for å få inn arbeidsavtalar før ungdomen startar i arbeid og vise korleis timelister førast på Visma.
Timelister skal leverast før den 30. kvar månad. Ordninga er avhengig av at aktuelle oppdragsgjevarar melder inn oppdrag, vi
vonar at det kjem nok oppdrag, men vi kan ikkje garantere at alle ungdommane får oppdrag.

Praktisk informasjon

Ungdommen skal ha ei minsteløn på 130,- kr i timen hos private
oppdragsgjevarar. Hjå verksemder/ kommunen følgjer ein tariffsats etter alder.

Små oppdrag:

Som privatperson kan du utbetale inntil kr. 6000,- skattefritt for små oppdrag på privat eigedom eller i bil. Utbetaling over kr. 6000,- må ein melde inn til skatteetaten.

Idrettslag eller frivillige organisasjonar kan utbetale inntil kr,-
10 000 skattefritt. Dersom ungdommen tener meir, må arbeidsgjevar sjølv melde dette inn til skatteetaten.

Ungdommen kan tjene skattefritt inntil kr. 60 000,- som er frikortgrensa totalt. Tener ungdommen meir enn 60,000, må ein ha skattekort.

Trykk her for meir informasjon om dette

Arbeidsgjevar si rolle:

  • Ha ansvaret for tryggleik under arbeidsoppdraget. Ungdommen skal ikkje utføre risikofylt arbeid eller bruke utstyr som kan vera helsefarleg.
  • Ha naudsynte reiskap på plass for å utføre arbeidet.
  • Gje informasjon og nødvendig opplæring.
  • Arbeidsgjevar er sjølv ansvarleg for å betale ut løn.

Trykk her for meir informasjon på arbeidstilsynet.no.

Slik søkjer du:

Trykk her for søknadsskjema for ungdom som søkjer jobb (arbeidstakar)

Søknadsskjema for ungdom er open 30.05 kl. kl. 08.00 og stenger 13.06 kl 14.00.

Trykk her for søknadsskjema for oppdragsgjevar

Søknadsskjema for arbeidsgjevar er open 30.05 kl. kl. 08.00 og stenger 12.08 kl. 07.46.

Lurar du på noko?

Kontakt:
Avdelinga ungdom, fritid og medverknad
E-post: ung.alver@alver.kommune.no
Tlf: 56 37 50 00

Program for sommarferien, born

Sommaraktivitetane er eit samarbeid mellom fleire lokale aktørar.

Sommaraktivitetane går føre seg i veke 27, 28, 29, 30 og 31. Aktivitetane er frå måndag til fredag, kl. 09.00- 15.00.

Program:

Trykk her for å sjå program for sommaraktivitetane

Slik melder du deg på:

For å søkje plass må ein kunne delta heile veka. Obs. ny påmeldingsfrist, 19. juni, kl. 00.00.

Trykk her for påmelding

Me ønskjer at flest mogleg skal kunne delta på sommaraktivitetane.

Born som har med eigen støttekontakt eller følgjeperson må opplyse om dette i påmeldinga.

Er det viktig informasjon som arrangør treng, er det fint om dette vert opplyst i påmeldinga. Er du usikker på noko i høve til ditt born, ta kontakt med oss.

Ingunn Birkeland Fyllingen, konsulent Ungdom, Fritid og Medverknad.
Tlf: 92 04 68 06
E-post: ingunn.birkeland.fyllingen@alver.kommune.no

Program for sommarferien, ungdom

Trykk her for å sjå det flotte programmet for sommarferien

 

Open hall i sommarferien

Trykk her for informasjon om aktivitetstilbodet på Open Hall

Oversikt over open hall i sommarferien

 

Her kan du snakke, chatte og få hjelp

Trykk her for informasjon om kor du som er ung kan snakke med nokon og få hjelp om du treng det.


Sist oppdatert: 21.06.2022
Publisert: 31.08.2018