Frivilligsentralane
Kva er ein frivilligsentral?
Ein frivilligsentral er eit bindeledd mellom kommunen og det frivillige. Den skal hjelpe lag, organisasjonar og enkeltpersonar til å arbeide saman for å skape lokale møteplassar.
Saman med dei frivillige kreftene ønskjer frivilligsentralane å vere ein medhjelpar til dei som vil skape aktivitet og møte mellom menneske i kommunen vår.
Frivilligsentralane kan mellom anna:
- Hjelpe lag/organisasjonar med å søkje om midlar frå det offentlege.
- Legge til rette for deg som ønskjer å skape gode tilbod i ditt nærmiljø. Kom til oss med din idé!
- Arbeide for samhandling på tvers av grupper og område.
- Rettleie deg som ønskjer å bidra med frivillig innsats.
- Rettleie deg som ønskjer hjelp frå frivillige.
- Hjelpe deg å nå ut til lag/organisasjonar med informasjon.
Dei tre sentralane i Alver har som mål å vere tett på lokalsamfunna, og kvar sentral driftar ulike arrangement ut i frå lokale initiativ og behov.
Frivilligsentralen på Frekhaug
Trykk her for å gå til facebooksida til frivilligsentralen på Frekhaug
Besøksadresse
Havnevegen 41A, 5918 Frekhaug
Kontaktperson
- Nina Randal
Dagleg leiar
Telefon: 56 17 10 66/ 41 24 56 61
E-post: nina.randal@alver.kommune.no
Frivilligsentralen i Knarvik
Trykk her for å gå til heimesida til frivilligsentralen i Knarvik
Besøksadresse
Kvernhusmyrane 20 (kulturbygg med inngang på framsida)
5914 Isdalstø
Kontaktperson
- Per Ole Ekker
Dagleg leiar
Telefon: 56 37 51 54/ 99 55 45 40
E-post: per-ole.ekker@alver.kommune.no
Frivilligsentralen på Manger
Trykk her for å gå til heimesida til frivilligsentralen på Manger
Ønskjer du hjelp frå frivillige?
Frivilligsentralen har knytt til seg ei rekkje frivillige. Desse bidrar mellom anna til middagskøyring til heimebuande eldre, kulturtime på Velferdssenteret, besøks- og følgjeteneste og pensjonisttreff. Kom innom frivilligsentralen i gamle prestegarden, eller ta kontakt med dagleg leiar.
Middagskøyring til heimebuande
Kvar dag, året rundt, kjører tre frivillige ut varm middag til heimebuande eldre. Middagen vert levert frå Radøy matsørvis på Velferdssenteret.
Ta kontakt med heimetenesta, Radøy matsørvis eller Frivilligsentralen for meir informasjon.
Kulturtime på Velferdssenteret
Kvar onsdag inviterer vi til hyggjetreff på Velferdsenteret. Vi samlast i Storstova på avdeling D mellom klokka 10.30 og 11.45. På programmet har vi musikk, sitjedans, felles song og hyggjeprat.
Helsetur
Frivilligsentralen arrangerer kvart år, i samarbeid med Vitaltour, feriereiser til Kypros. Målet med desse turane er å gje dei reisande ein tur der helse, trivsel og tryggleik er i fokus. Sosialt samvær med morgontur, utflukter, soling på stranda, seniordans, underhaldning og bingo er ein del av aktivitetane.Vil du vere med på tur, ta kontakt med frivilligsentralen.
Ønskjer du å bidra som frivillig?
Kom innom frivilligsentralen i gamle prestegarden, eller ta kontakt med dagleg leiar.
Ønskjer du hjelp frå frivillige?
Kom innom frivilligsentralen i gamle prestegarden, eller ta kontakt med dagleg leiar.
Besøksadresse
Radøyvegen 1690 (kommunehuset på Manger)
5936 Manger
Kontaktperson
- Birthe K. Bjørstad
Dagleg leiar
Telefon: 97 97 12 15
E-post: manger.frivilligsentral@alver.kommune.no