Kulturminne og museum

Kulturminnesøk finn du oversikt over alle freda kulturminne og ei rekkje andre kulturminne i kommunen. I kartet til Miljøstatus finn du i tillegg alle sefrak-registrerte bygg, det vil seie registrerte bygningar som er frå 1900 eller tidlegare. 

Museum og kulturhistoriske samlingar i kommunen

Bogatunet

Bogatunet er namnet på eit tun frå 15-1600 talet som er teke godt vare på. Det samanbygde huset syner trekk frå mellomalderbyggeskikk i det nordatlantiske kulturområdet. Huset inneheld eldhus, røykstove, bu med loft og glasstove. På veggane i stova, er det pynta med kroting. Løa er ei grindverksløe frå slutten av 1800-talet som er flytta frå Sævdal og sett på grunnane etter løa som sto på Bogatunet.

Eigar av tunet er Nord- og Midhordland sogelag. For omvisning ta kontakt med:

Magnar Ottesen, tlf. 91 99 89 20.

Gamlestova på Tveiten

Gamlestova på Tveiten er eit stovehus med to stover og gang. Ei grue er sett inn i den tidlegare røykstova.

Me ønskjer at huset skal nyttast til møte og aktivitetar, og det er derfor ikkje nokon utstillingsstad for andre gjenstandar enn dei som kan vera i bruk.

Parkering: Det er plass til 1–2 bilar utanfor Gamlestova. Det er ikkje tilgang til vatn eller toalett.

Kontakt:

For å låna eller besøka gamlestova, kontakt Lillian Aakre tlf. 941 37 435. 

Kontaktperson i Alver kommune:

Holmeknappen, Holmestova og sjøbua

Holme er ein gamal og historierik gard på sørvestsida av Holsnøy i Meland. Her er det eit særs vakkert og variert kulturlandskap, med flotte døme på tørrmur både i gamal innmark og bygningar. Holmestova frå kring 1568 er ein stovebygning lafta av særs fint tømmer og ligg der det gamle fellestunet på garden Holme låg.

På Holmeknappen har det vore gjestgjeveri attende til 1700-talet og sjøhus for gardane i området. På «skitkaien» vart byskiten teke i mot og nytta som gjødsel på gardane, og for mange bønder var Holme utgangspunktet når dei skulle til Bergen med varer. Etter kvart kom det dampbåtkai og Holmeknappen vart ein sentral plass i denne delen av Meland, med blant anna postopneri og meieri. I dag kan ein oppleve blant anna museum i den gamle sjøbua, galleri, flott naustmiljø og landhandel.

Ope etter avtale. 

Kontakt:

Husmannsplassen i Vikje

Husmannsplassen i Vikje består av tun med stove, løebygning og naust. Alver kommune eig bygningane, men leiger tomta. Det er inventar i huset, men ingenting er opphavleg.

Myntevika er det gamle kulturnamnet som er det rette namnet på plassen. Den første som fekk feste i Myntevika, var Ole Eikanger. Ei av jentene hans, Guri, gifta seg med Nils Hansen Eikanger. Dei fekk tre barn, Herman Nilsson Eikanger (f. 1883- d.1957) var den yngste. Som enkemann gifta Nils seg seinare med Oline. Då Nils døydde i 1932, blei Herman buande saman med stemora si i Vikje. Etter at Herman døydde i 1957, har det ikkje budd folk på plassen.

Parkering: Det finst ikkje eigen parkeringsplass. Besøkjande står parkert langs E39. Det er ikkje tilgang til vatn eller toalett.

Ope etter avtale.

Kontakt: 

Leivestadtunet

På Leivestadtunet er tradisjonell lemstove, løebygning, eit lite uthus med verkstad og grue, potetkjellar og steingard med skinnflor i overgangen til utmarka.

Interiøret i bustadhuset er ikkje endra særleg etter andre verdskrig. Det er vanleg inventar og ein del interiørtekstilar i huset.

Kontaktperson i Alver kommune:

Lindås skulemuseum

Ei kvitmåla stove ved det idylliske Bjørndalsvatnet på garden Vassel er skulemuseum i Lindås. Lindås prestegjeld fekk skulefundas i 1748. Skulen var lenge ein omgangsskule med undervisning i stovene kring i bygdene etter tur. I andre halvdel av 1800-talet byrja ein å byggja eigne skulehus. Skulekommisjonen i Hosanger vedtok i 1887 kvar skulehuset i Vassel krins skulle koma. Alt 7. februar året etter kunne skulestova takast i bruk.

Ope etter avtale. Ta kontakt med:

Roparhaugsamlinga

Roparhaugsamlinga er ei kulturhistorisk samling etter Karl Øvretveit. Karl Øvretveit (1891–1984) var lærar, forfattar og skaparen av Roparhaugsamlinga på Øvretveit, som var barndomsheimen hans. Samlinga omfattar ei lemstove og ca. 2000 gjenstandar. Dette er husgeråd, tekstilar, reiskapar, bøker og fleire feler.

Lemstova har den opphavlege forma frå 1880-åra. Eldste delen av huset er litt eldre, frå ca. 1800. Huset blei flytt til Øvretveit i 1957 for å romme samlinga som ligg som ein del av eit privat tun der kommunen bygslar grunn.

Karl Øvretveit vaks opp i ein heim med eit levande folkemusikkmiljø, og faren Knut var felemakar. I perioden 1890–1920 var han den som laga flest feler på Vestlandet. Til saman laga han om lag 400 stykk.

Roparhaugsamlinga er skilta langs Mykingvegen. Parkering: Det er parkeringsplass ca. 100 m frå huset. Det er ikkje tilgang til vatn eller toalett.

Ope etter avtale.

Kontakt:

Syltastova

Syltastova ligg på Sylta nord på Radøy. Huset har vore brukt som bustad, men truleg og som forrådsrom. Me kan med rimeleg tryggleik fastslå at Syltastova er bygd på slutten av 1500 talet. Årringsdateringa som blei utført i 2006 anslår 1550 – 1610 som ytterpunkt og 1580 som sannsynleg fellingsår for tømmeret.
 
Bygget er eigd av Nord- og Midhordland sogelag. For omvisning, ta kontakt med:

Magnar Ottesen, tlf. 91 99 89 20.

Private samlingar

Strilamuseet

Strilamuseet held til på Festo i Seim, tidlegare Festo skule. Her har Lindås sogelag ulike utstillingar. Her finn du ei elektroutstilling som viser lys og straum til Nordhordland, laga av Konrad Kolstad gjeven til sogelaget frå Energiselskapet BKK. Sogelaget har og ei utstilling om kystkultur og båtar. Frå 2021 vil du og finna eit postmuseum som no er under oppbygging.  Postmuseet vil fortelja historia om postvegen frå Bergen gjennom Nordhordland. Museet vil dokumentera samanhengen mellom postføring og dampskipstrafikk. Du vil også finna eit vaskeekte postopneri anno 1970.

Ope etter avtale

Kontakt Lindås Sogelag v/Jan Thorsheim tlf. 90 75 87 74.

Nordanger gardsmuseum

Tidlegare Nordanger Skule, bygd 1864, i den gong Manger Kommune. I 1884 vart huset flytta nærmare nye hovudvegen, og påbygd kammers og loft for bustad til lærar. Huset vart brukt til skule fram til 1912, då vart det bygd ny skule her. Huset vart då overtatt av indremisjonen fram til 1980, då dei bygde nytt bedehus. Huset er no innreia som bustad for læraren (kammers), skulestove og har i tillegg ei rekkje gjenstandar frå bygda. 

Ope etter avtale. Kontakt Johannes Birkeland, telefon: 93 25 07 77.

Radøy motorsamling

Radøy motorsamling består av over 200 ulike motorar som har vore brukte i vårt distrikt. Dei aller fleste motorane er sette i stand. Samlinga inneheld også traktorar og jordbruksmaskiner.

Ope etter avtale. Kontakt Guttorm Storheim, telefon: 95 23 90 05.

Konsoliderte museum

Lyngheisenteret

Lyngheisenteret på Lygra, foto: Ola Moen

Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er eit nasjonalt og internasjonalt kunnskapssenter som gjennom aktiv drift skal verne lyngheilandskapet, formidle tradisjonar og gje gode opplevingar til besøkjande. Her kan du vandre på tilrettelagde stiar i eit historisk og prisbelønna kulturlandskap, og vi har frisk luft med utsikt til fjord, kyst og fjell.

For meir informasjon sjå, www.muho.no/Lyngheisenteret

Trykk her for informasjon om ullveka som vert arrangert i Vestland kvart år

Vestnorsk utvandringssenter

Museum for migrasjon og kulturmøte i fortid og notid. Bli med på omvising i Emigrantkyrkja og Prærielandsbyen med bygningane som er flytta frå USA til Radøy! Faste og skiftande utstillingar.

For meir informasjon, sjå https://muho.no/vestnorskutvandringssenter


Sist oppdatert: 19.10.2022
Publisert: 10.09.2018