Kontrollutval


Trykk her for møteplanen til kontrollutvalet og medlemsoversikt. 

Kontrollutvalet er omfatta av følgjande lover og forskrifter

Kva er rolla til kontrollutvalet? 

Kontrollutvalet er eit lovpålagt utval som har ei sentral rolle i eigenkontrollen i kommunen.

Det er kommunestyret som har det overordna kontrollansvaret for den kommunale verksemda. Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne, og rapporterer direkte til kommunestyret om sitt arbeid og eventuelle forslag til vedtak.

Kontrollutvalet ser også til at kommunen har ein forsvarleg revisjon. Tilsyn med forvaltninga blir utført gjennom revisor sitt arbeid med rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll. Kontrollutvalet kan også setje i gang andre undersøkingar dersom det er naudsynt.

Det er berre kommunestyret som kan påleggje kontrollutvalet oppgåver. Når det gjeld førespurnader frå andre partar må kontrollutvalet sjølv vurdere om saka skal handsamast. Det vil då verta vurdert om den ligg innafor mandatet til kontrollutvalet å handsama.

Kontrollutvalet er ikkje eit klageorgan, og kan ikkje handsame klager på enkeltsaker. Dersom det ligg føre tips til kontrollutvalet om forhold som bør undersøkast nærare, vil det vere ein fordel om dette i størst mogleg grad er basert på konkrete fakta.

Sekretariatet til kontrollutvalet er uavhengig av kommunen sin administrasjon. Region Nordhordland IKS har sekretariattenestene for Alver kontrollutval.

 

Kontaktinformasjon kontrollutvalssekretariatet
Region Nordhordland IKS
Kvassnesvegen 23
5914 Isdalstø
E-post: kontrollutval@regionnordhordland.no


Sist oppdatert: 12.12.2023
Publisert: 03.05.2022