Desentraliserte tilskotsordningar for tilsette i barnehage og skule
Eit kriterie for tilskotsordninga er at kompetanseutviklinga skal vere tilknytta eit universitets- og høgskule- miljø og vere basert på fagleg dialog mellom partane. I tillegg til at det skal vere basert på lokale analysar frå skule/barnehage. Samarbeidet strekkjer seg over 1,5 år og prosjektet skal økonomisk rapporterast på til Statsforvaltar.
Kriterier for tildeling av tilskotsmidlar:
- Behov for kompetanseutvikling skal være basert på lokale vurderingar av kompetansebehov i den enkelte barnehage og skule, og basert på faglig dialog med universitet eller høgskule.
- Lokale vurderingar av kompetanseutviklingsbehov skal forankrast ved den enkelte barnehage og skule på en måte som involverer dei tilsette og leiarar.
- Midlane skal brukast til barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling
- Tiltaka skal fremje kollektive prosessar for profesjonsutvikling som utviklar barnehagen og skulen.
- Tiltaka skal gjennomførast i partnerskap mellom barnehage- og skuleeigar og universitet og høyskular.
- Eigarar og universitet og høgskular skal samarbeide om å vurdere kompetansebehov, planlegge og gjennomføre tiltak i barnehagar og skular.
- Universitet og høgskular som bidreg i kompetanseutviklinga skal leggje til rette for at erfaringane fra partnerskapet skal styrkje lærerutdanningane.
Desentralisert kompetanseheving for skule, DEKOMP
Trykk her for å gå til søknadsskjema for rekomp- og dekompmidlar.
Regional ordning for barnehagebasert kompetanseutvikling, REKOMP
Tematiske satsingsområde for ordninga:
- Barnehagen som pedagogiske verksemd
- Kommunikasjon og språk
- Eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning
- Barnehagen sitt verdigrunnlag
Trykk her for å gå til søknadsskjema for rekomp- og dekompmidlar.
Søknad om midlar frå 30% pott, særskilt for barnehage:
Særskilte kriterier for barnehage.
Samarbeidsforumet si innstilling kan i tillegg til barnehagebasert kompetanseutvikling prioritere ei tildeling der inntil 30 prosent av midlane nyttast til følgjande kompetansetiltak, vurdert ut frå lokale behov:
- barnehagefagleg grunnkompetanse
- kompetansehevingsstudie for fagarbeidarar og assistentar
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeider (praksiskandidatordninga)
- tilretteleggingsmidlar for lokal prioritering