Skulefritidsordning (SFO) og tilsynsordning
Søknadsfrist
Søknadsfrist til SFO er 1. mars.
Slik søkjer du
Trykk her for søknad, endring av plass eller utmelding av SFO
Kva kostar det?
Ein betalar for dei timane ein nyttar, også på undervisningsfrie dagar.
12 timar gratis SFO for barn på 1. og 2. og 3. trinn
Barn på 1. og 2. og 3. trinn har frå 1. august rett på 12 timar gratis opphald på SFO i veka. Gratistida er i hovudsak lagt etter undervisningstid kvar dag. Dette kan variere då den einskilde SFO har ulike opningstider. Dette vil den einskilde SFO-avdeling informere om. Ta kontakt med skulen ved spørsmål om denne ordninga.
Prisar på SFO-plass for 2024 | ||
1. og 2. og 3. trinn | 4. trinn | |
Korttidsplass (0-6 timar per veke) | 0,- per månad | 1140,- per månad |
Halv plass (7-12 timar per veke) | 0,- per månad | 2330,- per månad |
Heil plass (13 timar per veke eller meir) | 1382,- per månad | 3000,- per månad |
Dagsats | 220,- | |
Søskenmoderasjon | 30% barn nummer 2 50% barn nummer 3 eller fleire |
|
Tillegg | ||
Matpengar | 134,- per månad | |
Kjøp av ekstra timar | 74,- per time | |
Gebyr ved for sein henting | 280,- per halvtime |
Fakturering skjer 11 gongar per år for barn med tilbod om 11 månader. Juli er betalingsfri månad. Barn som har tilbod om SFO 10 månader, betaler for 10 månader.
Gratis SFO for born med særskilde behov på 5. - 7. årstrinn.
Kommunen skal ha eit tilbod om SFO for born med særskilde behov på 5. -7. årstrinn. Tilbodet skal vere gratis, men kommunen kan likevel krevje betaling for kost.
Rutine for oppseiing av plass ved manglande betaling
I Alver kommune er det utarbeidd rutine for handsaming av manglande innbetaling av SFO-plass. Kommunen er opptatt av at føresette skal oppleve ryddige prosessar i slike saker, og at ein får god informasjon om rutinar, tilbod og rettar.
Gjeldande rutine i samband med manglande innbetaling av SFO-plass:
- Purring på manglande innbetaling blir sendt ut tidlegast 15 dagar etter forfall. Gebyr her kjem på 35 kroner.
- Betalingsoppmoding og varsel om oppseiing av SFO-plass blir sendt ut minst 15 dagar etter purring. Gebyr her kjem på 105 kroner. Kommunen avklarar eventuell betalingsavtale med føresette.
- Varsel om tvangsfullbyring vert sendt tidlegast 15 dagar etter forfall på betalingsoppmoding. Frå opphaveleg fakturaforfall tar det 60 dagar før oppmoding om tap av plass blir sendt rektor. Gebyret er i dette tilfelle avhengig av storleiken på kravet.
- Kommunen skal gjere ei heilskapleg vurdering av barnet sitt behov og eventuelt bistå føresette med rettleiing og kontakt med hjelpetenester. Kommunen skal avklare eventuell betalingsavtale med føresette.
- Oppseiing av plass trer i kraft 1 månad etter at oppseiing er sendt ut.
- SFO-plassen er ikkje sagt opp frå kommunen si side før klagefrist er ute og eventuelle klager er handsama.
Minner om at føresette/hushald med låg inntekt kan søkje om moderasjonsordning (redusert foreldrebetaling) for SFO-plass. Les meir om det lenger ned.
Ta kontakt med rektor dersom du har spørsmål knytt til foreldrebetaling for SFO-plass.
Redusert foreldrebetaling
Vi gir reduksjon i foreldrebetalinga for SFO slik at den per elev utgjer maksimalt 6 % av inntekta til hushaldet. Inntektsgrensa for skuleåret 2023/2024 er 550 000,- kroner. Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling i SFO finn du i Visma Foresattportal.
- Logg inn med ID-porten.
- Vel menypunktet "Søknader" og trykk på "Søknad om redusert betaling".
- Fyll ut skjema og send inn søknaden.
NB! Ved å søkje godkjenner du at kommunen kan hente den siste skattemeldinga di for å stadfeste inntekt. Om du meiner at den siste skattemeldinga syner feil inntektsgrunnlag, må du sende inn anna dokumentasjon (t.d. lønsslippar, utbetalingar frå NAV, osv) som vedlegg til søknaden.
For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket for første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret.
Trykk her for å lese meir om forskrifta på Lovdata.no
Kva tilbod har skulane?
I dag har skulane i Alver dette SFO-tilbodet. Frå hausten 2020 kan det kome endringar.
SFO-tilbod i 11 månader i året:
- Alversund barneskule
- Knarvik barneskule
- Lindås barneskule
- Leiknes skule
- Seim skule
- Manger skule
- Sæbø skule
- Sagstad skule
- Grasdal skule
- Vestbygd skule
- Rossland skule
SFO-tilbod 190 dagar i året:
- Eikanger skule
- Kløvheim skule
- Myking skule
- Ostereidet barneskule
- Austebygd skule (i feriar kan elevar ved Austebygd få plass på SFO ved Manger eller Sæbø skular)
- Hordabø skule (i feriar kan elevar ved Hordabø få plass på SFO ved Manger eller Sæbø skular)
I feriar kan du få plass på ein av skulane med tilbod 11 månader i året.
Slik seier du opp plassen
Trykk her for søknad, endring av plass eller utmelding av SFO
Det er ein månads oppseiingstid.
Om tilbodet
Formålet med SFO er å gi elevane eit trygt tilsyn før og etter den obligatoriske skuledagen. Vi legg vekt på omsorg, leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Barna får ta ansvar for kvarandre og felles oppgåver.
SFO skal stimulere barn til å bruke og utvikle evner og anlegg og i samarbeid med heim og skule, gi dei eit godt grunnlag til å bli sjølvstendige, tolerante og skapande menneske.
- Eit tilbod på skulen før og etter skuletid
- Eit tilbod på skulen i nokre av skulen sine feriar
- Du vel sjølv kor mange timar du ønskjer kvar veke. Skulane har ulike tilbod. Ta kontakt med skulen din for å høyre kva opningstider SFO har, og kva timetal du kan søkje på.
Vedtektene våre
Trykk her for vedtekter for skulefritidsordninga i Alver kommune (skuleåret 23/24)
Kva seier lova?
- Trykk her for å lese kva Opplæringslova seier om SFO
- Trykk her for å lese regelverket på Utdanningsdirektoratet sine heimesider
- Trykk her for å lese om kravet til politiattest for tilsette
Kontakt:
Kontaktinformasjon til skulane
Tilsynsordning for born og unge med særskilde behov
Trykk her for informasjon om ordninga og søknadsskjema
Søknadsfrist er 1. mars.