Telefonvarsling

Skjer det noko i nabolaget ditt eller i området der du driv næring, ønskjer vi å nå deg på ein rask og enkel måte. For å gjere dette har vi tatt i bruk eit nytt verktøy, som sender ein tekstmelding til mobilen din eller les opp ei melding på fasttelefonen din.

For å sikre at vi når deg, er det viktig at du sjekkar kva nummer du står oppført med i den såkalla «varslingstenesta». Oppskrifta finn du nedst i denne artikkelen.

Vi varslar til dømes når vi må:

  • Stenge vatnet ditt
  • Varsle eit kokepåbod
  • Sperre ein veg i nabolaget ditt

Vi brukar også varslingstenesta om det skjer ei krise, som rammar område i kommunen vår.

Korleis verkar det?

Når du tar telefonen, får du opplest ei melding. Meldinga er lest inn på førehand. På slutten av meldinga får du beskjed om å taste:

1 – for å stadfeste at du har oppfatta meldinga
9 – for å høyre meldinga på nytt

Vi kan sjå kven som har stadfesta at dei har oppfatta meldinga. Er det nødvendig, kan vi oppsøke dei husstandane der vi er usikre på om folk har oppfatta informasjonen.

Mottar du meldinga på sms, er det inga system for stadfesting.

Kvifor varslar vi på denne måten?

Vi har tatt i bruk dette systemet, for å gi best mogleg service. Ei annonse i avisa eller ei melding på heimesida eller facebook når ikkje alltid alle. Dessutan kan det skje akutte hendingar, som gjer at vi ikkje rekkjer å informere på vanleg måte.

I tillegg til telefonvarsling, vil vi også bruke heimesida og facebooksida til kommunen.

Får du ikkje telefonvarsling?

Får du ikkje telefonvarsling frå kommunen, kan årsaka vere at:

  • Du er mor eller far og har registrert fleire nummer på namnet ditt. Når varslinga startar, plukkar systemet det første nummeret som er registrert på deg. Dette kan vere nummeret til din 10 år gamle son.
  • Du har gløymt å fjerne gamle nummer frå opplysninga, som ikkje lenger er i bruk.
  • Mobilnummeret ditt er registrert på arbeidsgjevaren din.
  • Du har hemmeleg nummer.
Slik sikrar du at aktuelle meldingar kjem til deg
  • Sjekk oppføringa di ved å følgje denne lenka 
  • Her kan du både endre nummer og leggje til eller endre adresse på namnet ditt.
  • Du må ha mobilen din framfor deg når du gjer endringar. For å få tilgang til opplysningane knytt til namnet ditt, må du først skrive inn ein pin-kode som du får tilsendt på mobilen.
  • Har du hemmeleg nummer? Kryss av for "skjul namn", slik at vi ikkje kan knytte namn til nummeret ditt.

Kontakt oss

Send e-post til post@alver.kommune.no eller ring innbyggjarservice
på 56 37 50 00.

Vakttelefon for vatn og avløp (etter arbeidstid)

Ønskjer du kontakt med ein av dei tilsette på teknisk drift?

Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00, eller ta direkte kontakt på
e-post:  post@alver.kommune.no


Sist oppdatert: 19.10.2023
Publisert: 11.10.2018