Byggjegrense til offentleg veg
Byggjegrensa
Denne artikkelen handlar om den kommunale byggjegrensa som i hovudsak gjeld bygg, men også hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikt.
Trykk her for rettleiing om byggjegrense til riks- eller fylkesveg.
Kva kan du søkje om?
I kommunen behandlar vi søknadar om:
- dispensasjon byggjegrensa på 15 meter
- dispensasjon frå byggegrenser fastsett i kommuneplanen sin arealdel eller i reguleringsplan (kun mindre vesentlige endringer)
- løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
- løyve til å strekkje leidning over eller langs veg
Vi kan gi pålegg om å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.
Kven skal behandle søknaden din?
Ønskjer du å byggje noko innanfor 15-metersgrensa, må du søkje om dispensasjon frå byggjegrense mot veg.
Kva du søkjer om, avgjer kva avdeling i kommunen du skal rette søknaden din til:
- i område utan reguleringsplan blir søknad behandla av vegavdelinga
- i regulerte område blir søknaden behandla av byggjesaksavdelinga
- ønskjer du å plassere noko nærare enn fire meter frå det offentlege leidningsnettet, må du søkje vass- og avløpsavdelinga i kommunen om dispensasjon frå kravet til avstand
Når du fyller ut søknadsskjema må du krysse av for om du skal byggje i eit regulert eller uregulert område. Fører søknaden din til etablering, endring eller utvida bruk av eksisterande avkøyring, må du i tillegg søkje om løyve til dette.
Trykk her for å lese meir om avkøyring frå kommunal veg.
Slik søkjer du
- Trykk her for å laste ned og fylle ut søknadsskjema for dispensasjon mot byggjegrense
- Legg ved eit brev der du skildrar tiltaket, altså det du skal byggje eller endre
- Legg ved eit situasjonskart i målestokk 1:500, der du teiknar inn og visar avstanden mellom vegen og det du skal byggje eller endre. Dersom tiltaket kjem i konflikt med kravet til avstand frå offentleg leidningsnett, må du bruke eit kart som visar vass- og avløpsnettet til Lindås kommune.
Søknaden sender du på e-post til post@alver.kommune.no
Du kan også sende søknaden med posten til:
- Alver kommune
Postboks 4
5906 Frekhaug
Treng du hjelp?
Treng du hjelp til å finne dei rette karta? Ta kontakt med innbyggjarservice på telefon 56 37 50 00 eller på e-post post@alver.kommune.no.
Slik klagar du
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.
Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?
Alver kommune har innbyggjarservice i Knarvik senter og på kommunehusa på Manger og Frekhaug.
Innbyggjarservice har telefon 56 37 50 00.
Du kan sende e-post til:
eller sende ei henvending til byggesak:
E-postadressene er til generelle spørsmål. Vi svarar deg så raskt vi kan.
Treng du hjelp til ei byggjesak?
Byggesak har rettleiing på telefon. Vi ønskjer å hjelpe flest mogleg, og har difor avgrensa tid for kvar samtale. Treng du meir detaljerte avklaringar, kan du be om førehandskonferanse. Sjå informasjon om det her.
- Opningstid:
- Måndag og onsdag
- Klokka 09.00-15.00, med unntak av klokka 11.30-12.00
- Telefon: 56 37 50 00