Gonorè
Gonorè er svært smittsamt og vi er bekymra for utviklinga. Difor oppfordrar vi unge til å teste seg og bruke kondom.
Fakta om gonorè
Gonoré er ein seksuelt overførbar infeksjon som smittar lett. Ikkje alle får symptom, og det kan difor vere vanskeleg å oppdage at du er smitta.
Det er svært viktig at du brukar kondom og testar deg viss du har gløymt å bruke kondom. Hugs at det er berre kondom som beskyttar mot seksuelt overførbare sjukdomar, så bruk det i tillegg til anna prevensjon. Bruk også kondom på sexleiketøy.
Meir informasjon om gonorè finn du her:
- Trykk her for å lese meir på helsenorge.no
- Trykk her for å lese meir på Sex og samfunn
- Trykk her for å lese meir på fhi.no
Visste du at du kan bestille gratis kondomar på helsenorge.no? Trykk her for meir informasjon
Her kan du teste deg gratis
Testing og behandling av gonoré er gratis. Ungdom og unge vaksne opp til 25 år kan teste seg på helsestasjon for ungdom i Alver.
Det er helsestasjon for ungdom både i Knarvik og på Frekhaug.
- Frekhaug helsestasjon på kommunehuset på Frekhaug har ope tysdagar frå 14.30 til 16.30
- Knarvik helsestasjon i 3. etasje i helsehuset har ope onsdagar frå 15.30 til 18.30
Du treng ikkje bestille time eller ha avtale for å snakke med helsesjukepleiar eller anna helsepersonell på HFU.
Trykk her for meir informasjon om helsestasjon for ungdom i Alver.
Slik er testen
Gutar kan teste seg med ein urinprøve, mens jenter tar test frå skjeden med ein vattpinne. Du tar testen sjølv.